Torsdag 26. mars

 

«Mor Courage og barna hennar» på Det Norske Teatret

 

Bussavgang: Turistinformasjonen kl. 1800. Myra kl 1805
Pris Kr. 530 inkl. buss og billett - Påmeldingfrist 16. januar 2015! (bindende påmelding).

 

I denne teaterforestillingen, som er en av Bertold Brechts aller største teatersuksesser, er det Ane Dahl Torp som skal bryne seg i hovedrollen som mor Courage. Handlingen i stykket er lagt til trettiårskrigen (1618-1648) og ble til da Brecht under 2. verdenskrig levde i skandinavisk eksil på flukt fra naziregimet i Tyskland. Mor Courage drar fra land til land og gjør seg nytte av krigen i forretningsvirksomheten sin. Hun gjør penger på krigen, men det koster henne dyrt. Hun mister de tre barna sine. Å være både krigsprofitterende forretningskvinne og mor er stykkets iboende motsetning.

Bussavgang:                  Turistinformasjonen kl. 1800. Myra kl 1805

Pris:                              Kr. 530 inkl. buss og billett

Påmeldingfrist:             16. januar 2015! (bindende påmelding).

Mor Courage

 

Mor Courage og barna hennar

Sist Det Norske Teatret sette opp Mor Courage, hadde Liv Ullmann tittelrolla (1986). Denne gongen er det Ane Dahl Torp som skal få bryne seg på denne store Brecht-rolla. Med hovudrolla i Mor Courage og barna hennar får Ane Dahl Torp si andre store Brechtrolle på få år. For rolla som Shen Te i Det gode mennesket frå Sezuan fekk ho Heddaprisen i 2012, og innsatsen blei omtalt som den beste sceneprestasjonen hennar nokon gong. Lars-Ole Walburg er teatersjef ved Hannover Staatstheater og kjem til Det Norske Teatret med sin faste kunstnarlege stab for å setje i scene ein av Brechts aller største teatersuksessar. Som musikalsk uttrykk for trettiårskrigens grusomheiter ønska Walburg å nytte black metal på grunn av den aggressive, eksplosive grunnstemninga denne musikken representerer. Derfor er den norske black metal-gitaristen Teloch (Morten Bergeton Iversen) hyra til å lydlegge framsyninga.
Krig og pengar Handlinga i stykket er lagt til trettiårskrigen (1618-48), og blei til i åra 1939-40 då Brecht levde i skandinavisk eksil på flukt frå naziregimet i Tyskland. Vi møter Mor Courage som dreg frå land til land i krigsåra og gjer seg nytte av krigen i forretningsverksemda si. Ho gjer pengar på krigen, det kostar henne dyrt. Krigen krev òg sine offer, ho mistar dei tre barna sine. Å vere både krigsprofitterande forretningskvinne og mor er stykkets ibuande motsetjing. Med ulike grep for framandgjering og episk teknikk viser Brecht fram både kor meiningslaus krigen er, men òg kor viktig den er som drivhjul i det kapitalistiske systemet.
Black metal-komponist og tysk kunstnarleg stab Det tyske laget Lars-Ole Walburg, Robert Schweer, Nina Gundlach og Heiko Wachs vitjar Noreg for første gong. Dei har nett hausta svært anerkjennande kritikkar for sin sceneversjon av Remarques Ikkje noko nytt frå Vestfronten ved Staatsschauspiel Hannover. Morten Bergeton Iversen (født 19. november 1974), også kjent under artistnamnet «Teloch», er ein norsk black metal-gitarist. Han spelar i dag i banda Nidingr, Mayhem, NunFuckRitual, Condenado, The Konsortium og Umoral. Han er tidlegare medlem av bandet Orcustus, og har vore gjest i banda 1349 (2006- 2007) og Gorgoroth (2002-2008), God Seed og Ov Hell.